lørdag 24. oktober 2015
KRLE lekse v.44
Ungdomskultur:
Ungdom er eit relativt nytt omgrep. Det er tida mellom ein er barn til ein vert vaksen. I dag vert ungdomstida rekna som ein eigen tidsperiode.
I dei siste 60 åra har det utvikla seg ein eigen ungdomskultur. Med ungdomskultur tenkjer me på ein kultur skapt av og for unge menneske. Ungdomskultur er ein subkultur med forskjellige personlegdom, interesser, stilarter, utsjånad og åtferd. Ungdomskultur er noko som skil undom frå barn til voksenverda. Barn driv ofte med aktiviteter og foreldre bestemmer kva dei skal drive med. Ungdom bestemmer meir over seg sjølv, og vert meir sjølvstendige. Dei vil bestemme kven dei skal vera med, kva dei skal gjera på fritida, kva for klede dei skal bruke osv.
Ungdom bruker mange slangord når dei kommunisere. Mange ungdommer vil ikkje skilje seg ut, og er opptekne av dei kleda venene bruker. Mange ungdom er opptatt av kropp og utsjånad, og det er stort kroppspress blant ungdom. For ungdom er det viktig å ha ein sunn og veltrent kropp. For nokre ungdom er det viktig å vera slank, det kan føre til eteforstyrringar.
Kjelde: http://rle-nett-nynorsk.cappelendamm.no/enkel/seksjon.html?tid=1316342&sec_tid=1249154
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar