tirsdag 27. oktober 2015



Norsk lekse v.44 - klassemiljø


Når du kjenner deg trygg på skulen, trivs og har venner, er det større moglegheit for at du lærer det du skal på skulen. Ein vert då meir motivert for læring og klarer å fokusere betre på skulearbeidet. Om du ikkje trivs eller har det vanskeleg på skulen er det viktig å sei ifrå til ein vaksen, slik at ein kan gjere noko med den vanskelege situasjonen. Læraren og andre vaksne på skulen har plikt til å hjelpe deg med dette. Elever kan kjenne seg einsam eller ha det vanskeleg, det kan vere fordi ein ikkje har nokon å vere med eller at ein vert mobba. I ein klasse er det viktig at alle vert inkludert og kjenner seg trygge.

Eit godt klassemiljø er veldig viktig på skulen, og påverkar spesielt skulekvardagen din. Trives du, og klassen din har eit godt klassemiljø, vert du meir motivert til å gå på skulen kvar dag og arbeide ordentleg med skulearbeidet. I ein klasse er det viktig at alle viser respekt og omsorg for kvarandre, er snille og støtter kvarandre. Det er viktig at medelevar i klassen stiller opp for kvarandre, tar vare på kvarandre, viser omsyn slik at alle kan kjenne seg  trygge.  Det er ikkje alle som er like trygge i klassen sin, og det kan verta synleg når ein for eksempel vert veldig nervøs før ein presentasjon for klassen eller kanskje ein ikkje tårer å vere seg sjølv i det daglege.

For at elevane i ein klasse skal verta meir trygge på kvarandre og verta betre kjent kan ein finne på noko gildt saman. Klassen kan for eksempel reise på tur saman, arrangere brettspel- eller filmkveld,  gjere ein innsats for andre eller ha fast klassens time for å kunne snakke om klassemiljø og utfordringar ungdom har.  Det er ikkje alltid det er så mykje som skal til for at klassemiljøet kan forbetre seg betydeleg.


Kjelde: http://www.ung.no/skolen/2996_Hvordan_f%C3%A5_bedre_klassemilj%C3%B8.html

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar