fredag 6. november 2015



Røyking


I 2014 røykte 13 % av Noregs befolkning dagleg. I 1973 røykte 42 % dagleg. Det er mange årsaker til samfunnet har endra haldning til røyk og tobakk. Det var fleire som røykte før. Då hadde me ikkje særleg informasjon om skadeverknadane av røyk. I dag er me meir opplyste og me veit mykje meir om helseskader av å røyka.

Ein person som begynner å røyke i ung alder, har større fare for å verta avhengig og utvikla sjukdom. Jo meir ein røyker, dess større er faren for å få kreft. Ein kan få lungesjukdommar som kols og kronisk bronkitt, lungekreft, skade hjartet og blodårene. Heldigvis er det færre og færre ungdom som røyker.

I 1950-60 åra var det tøft , «inn» og meir vanleg å røyke. Det var heilt vanleg å røyke innandørs, og fleire vart utsatt for passiv røyking. Det kan altså vera skadeleg å verta utsett for føyk frå andre. Det tenkte ein ikkje så mykje på før. Færre barn døyr i krybbedød, og ein av årsakene er at det nesten ikkje vert røykt inne i hus lenger eller under svangerskapet. Babyar og små barn vert ikkje utsett for passiv røyking nå på same måten som for 20-30 år sidan.

Det er fleire grunner til at me har endra haldning til røyking. Det kan vere fordi me har meir informasjon om røyk. Røyk luktar veldig vondt og setter seg i kleda, håret og huda. Tenner og fingrane blir gule og huda vert bleikare av røyking. Både vaksne og ungdom er i dag meir opptatt av utsjånad og helse. Ein som røyker får dårlegare immunforsvar. I dag er det mange som er medvitne på kva røyking kan gjer med både helsa og utsjåande. Det kan vere derfor færre røyker nå enn før. Fleire bruker pengar på kosmetikk, hudpleie og velværeprodukt. Dei fleste trenar og synes det er viktig med god helse. Røyk  har vorte dyrare og det fører til at nokon må tenkje seg om før dei kan bruke så mykje pengar på noko dei eigentleg ikkje treng.


















Kjelde: Ekeland, Per Roar, Tellus 9, Aschehoug, 2007, www.ssb.no/royk/

Bildekjelde: Røyking forbudt skilt av Sigmund Krøvel-Velle (http://ndla.no/en/node/95316

torsdag 5. november 2015


Naturfag – rus & alkohol

Rusmiddel er eit samleomgrep for forskjellege stoff som kan gje rus. Rusmiddelet må via blodet verta transportert til hjernen før det gjer ei oppleving av rus. Rus er ei forsterka sinnsstemning. Rus kan gje kjensler som  spenning, meistring, sinne, uro, ro, velvære, glede eller ei kjensle av å ha det godt.

I Noreg har vi ei alkohollov, som skal hindre at ungdom kjøper og bruker alkohol. I tillegg skal lova redusera bruken av alkohol i samfunnet.  Ein må vera 18 år for å kjøpa alkohol med  lågare alkoholinnhold enn 22 %, og 20 år for å kjøpa alkohol med meir enn 22 % alkoholinnhold. Gjennomsnittleg debutalder for bruk av alkohol blant norsk ungdom er rundt 14 ½ år. Dei som begynn å drikke alkohol tidleg, har større moglegheit for å verta avhengig av alkohol. Nyare undersøkingar i Noreg  viser at dei som drikk mest alkohol er vaksne i 50-60 åra, single og dei som er høgt utdanna. Statistisk sett  misbrukar  kvar femte nordmann alkohol.

Negative konsekvenser ved å drikke alkohol er blant anna at folk endrar åtferd når dei drikk alkohol. Nokre blir sinte og aggressive når dei drikk alkohol. I verste fall vert dei voldelige. Det kan føre til slåssing, og folk kan verta alvorleg skada. Om ein er avhengig av alkohol og drikk det svært ofte kan det føre til helseskader. Personlegheten endrar seg, nervesystemet, levra og andre organ i kroppen vert skadde av for mykje alkohol. Det er først familien som merker om du har vorte avhengig av alkohol. Familien merkar om du oppfører deg annleis, ikkje held avtaler, arbeider mindre og klarer ikkje tenkje klart. Negative ting ved drikke alkohol er at du kan verta kvalm, svimmel, søvnig, avhengig, få helseskader, og skade hjernen, levra, nervesystemet, hud og slimhinner.

Ein skal ikkje drikke alkohol dersom ein er gravid. Om ei gravid kvinne drikk alkohol får fosteret same mengde alkohol i blodet. Fosteret kan verta skada av alkoholinntaket til mora og få alvorlege alkoholskader. Fosteret  kan få forsinka utvikling og fungera dårleg sosialt. Det kan i tillegg føra til lærevanskar og konsentrasjonsskader.





Kjelde: Kjelde: Ekeland, Per Roar, Tellus 9, Aschehoug, 2007

tirsdag 27. oktober 2015



Norsk lekse v.44 - klassemiljø


Når du kjenner deg trygg på skulen, trivs og har venner, er det større moglegheit for at du lærer det du skal på skulen. Ein vert då meir motivert for læring og klarer å fokusere betre på skulearbeidet. Om du ikkje trivs eller har det vanskeleg på skulen er det viktig å sei ifrå til ein vaksen, slik at ein kan gjere noko med den vanskelege situasjonen. Læraren og andre vaksne på skulen har plikt til å hjelpe deg med dette. Elever kan kjenne seg einsam eller ha det vanskeleg, det kan vere fordi ein ikkje har nokon å vere med eller at ein vert mobba. I ein klasse er det viktig at alle vert inkludert og kjenner seg trygge.

Eit godt klassemiljø er veldig viktig på skulen, og påverkar spesielt skulekvardagen din. Trives du, og klassen din har eit godt klassemiljø, vert du meir motivert til å gå på skulen kvar dag og arbeide ordentleg med skulearbeidet. I ein klasse er det viktig at alle viser respekt og omsorg for kvarandre, er snille og støtter kvarandre. Det er viktig at medelevar i klassen stiller opp for kvarandre, tar vare på kvarandre, viser omsyn slik at alle kan kjenne seg  trygge.  Det er ikkje alle som er like trygge i klassen sin, og det kan verta synleg når ein for eksempel vert veldig nervøs før ein presentasjon for klassen eller kanskje ein ikkje tårer å vere seg sjølv i det daglege.

For at elevane i ein klasse skal verta meir trygge på kvarandre og verta betre kjent kan ein finne på noko gildt saman. Klassen kan for eksempel reise på tur saman, arrangere brettspel- eller filmkveld,  gjere ein innsats for andre eller ha fast klassens time for å kunne snakke om klassemiljø og utfordringar ungdom har.  Det er ikkje alltid det er så mykje som skal til for at klassemiljøet kan forbetre seg betydeleg.


Kjelde: http://www.ung.no/skolen/2996_Hvordan_f%C3%A5_bedre_klassemilj%C3%B8.html

lørdag 24. oktober 2015


KRLE lekse v.44


Ungdomskultur:

Ungdom er eit relativt nytt omgrep. Det er tida mellom ein er barn til ein vert vaksen. I dag vert ungdomstida rekna som ein eigen tidsperiode. 

I dei siste 60 åra har det utvikla seg ein eigen ungdomskultur. Med ungdomskultur tenkjer me på ein kultur skapt av og for unge menneske. Ungdomskultur er ein subkultur med forskjellige personlegdom, interesser, stilarter, utsjånad og åtferd. Ungdomskultur er noko som skil undom frå barn til voksenverda. Barn driv ofte med aktiviteter og foreldre bestemmer kva dei skal drive med. Ungdom bestemmer meir over seg sjølv, og vert meir sjølvstendige. Dei vil bestemme kven dei skal vera med, kva dei skal gjera på fritida, kva for klede dei skal bruke osv.  

Ungdom bruker mange slangord når dei kommunisere. Mange ungdommer vil ikkje skilje seg ut, og er opptekne av dei kleda venene bruker. Mange ungdom er opptatt av kropp og utsjånad, og det er stort kroppspress blant ungdom. For ungdom er det viktig å ha ein sunn og veltrent kropp. For nokre ungdom er det viktig å vera slank, det kan føre til eteforstyrringar. 


Kjelde: http://rle-nett-nynorsk.cappelendamm.no/enkel/seksjon.html?tid=1316342&sec_tid=1249154

tirsdag 20. oktober 2015


Norsk lekse v.43



I år på OD-dagen (Operasjon Dagsverk) skal eg arbeida for firmaet "Tiges". Der skal eg arbeide med markedsføring og fakturering.


Eg synes det er bra at me gjer noko annleis i skulekverdagen og hjelper andre som treng bistand. I år går pengane til Amnesty og prosjektet hiter "Med lik rett". Ungdommar i Argentina, Chile og Peru skal få læra om kva for rettar dei har. Det vil vera eit spesielt fokus på kroppen og seksualitet. Dei skal læra dette slik at dei skal kunne setja grenser for seg sjølv og ta gode valg. Eg synes Amnesty er ein god og fornuftig organisasjon me skal gje pengane til.


Om du vil lese meir om OD-dagen og Amnesty, kan du gå inn på Operasjon Dagsverk si nettside: 


http://www.amnesty.no/tema/operasjon-dagsverk eller 

http://www.od.no/

onsdag 14. oktober 2015



Norsk lekse v.42

Menneskerettane
Menneskerettar er grunnleggjande rettar alle har, uavhengig av kjønn, alder, religion eller nasjonalitet.

Verdas erklæring for menneskerettane gjeld for alle, men det er mange utfordringar knytta til likestilling. Gjennom menneskerettane vert grunnleggjande verdiar løfta fram. Ein stat må respektere og sikre at menneskerettane vert overhaldne, av hensyn til enkeltindivida. Eg synes at  dei viktigaste menneskerettane er rettane om personleg fridom, organisasjonsfridom, stemmerett, rettstryggleik og religionsfridom.

Eg meiner menneskerettane er naudsynte, fordi alle menneske bør verta behandla likt. Om alle menneske hadde levd etter menneskerettane hadde det vore tryggare og betre for menneska å leve. For eksempel kvinner manglar rett til eigendom mange stader, og det er ikkje trygt og ikkje ha ein plass å bu. Det er mange jenter som ikkje får lov til å gå på skule, og då har dei ikkje muligheita til å få ei utdanning og skaffe seg ein jobb slik dei kan tene pengar og vera sjølvstendige.

Alle menneskerettane er viktige, men eg synes det er nokre menneskerettar som er viktigare enn andre. Eg synes ytringsfridom, rett til utdanning, arbeid og rett til ein plass og bu er dei aller viktigaste menneskerettane. Alle menneske bør ha rett til desse rettane!